Digital reiselivshistorisk formidling

Norsk Kulturråd har løyvd midlar til eit tre-årig utviklingsprosjekt, «Digital reiselivshistorisk formidling» ved Norsk Reiselivsmuseum. Målet er å utvikla effektive digitale løysingar for utveksling og presentasjon  av informasjon, både for publikum i museet og som opne lenka data. Gjenbruk av informasjon og data er eit hovudpoeng for prosjektet.

Prosjektet vil vera eit case for utprøving av metodar som kan brukast til å følgja opp hovudintensjonane som ligg i ABM-skrift #66, 2010, «Åpen og samordnet tilgang til kulturarven: anbefalinger for en vellykket tilstedeværelse i den digitale kulturelle verden». Dei er i forordet til skriftet formulert som ei rekkje spørsmål, og dette prosjektet vil prøva å gi svar på fleire av dei:

«Korleis kan data løftast ut av siloane, koplast saman med kvarandre slik at dei samla kan kasta lys over stader, historiske hendingar og saker. Korleis kan data og innhald frå ABM-institusjonane koplast saman med data i DBpedia og liknande ressursar? Kva tenester kan etter kvart byggjast og utviklast ved hjelp av semantisk teknologi? Kva må ABM-institusjonane gjera for å leggja tilhøva til rette for ei slik utvikling?»

Prosjektet vil ta tak denne utfordringa, demonstrera korleis innhaldsleverandørane kan leggja til rette digitaliserte data som kan «haustast» av reiselivsmuseet og korleis desse kan presenterast av museet, både i utstillingar og via Internett, og gjerast tilgjengeleg for tredjepart. Prosjektet vil såleis demonstrera metodar for informasjonsdeling med overføringsverdi til heile ABM-sektoren, men også andre sektorar.

Resultat og erfaringar som kjem fram gjennom dette prosjektet vil kunna vera viktige og relevante innspel for framtidig digitaliseringsarbeid i sektoren, og for arbeidet med å tilrettelegga materiale som kan utvekslast med semantisk web-teknologi.

Prosjektet vert drive i samarbeid med Vestlandsforsking, ESIS A/S, fylkesarkiva i Sogn og Fjordane og Hordaland, Universitetsbiblioteket i Bergen og Norsk Folkemuseum, og startar opp imars 2013.

Prosjektleiar er førstekonservator Aage Engesæter.