Innsamlingskategoriar
Innsamlingskategoriar

Innsamlingskategoriar for reiselivshistorie

Reiseliv blir sett som ein prosess. Målsettinga er å dokumentere alle aktivitetar og har samanheng med reiseliv, i heile landet.. Dette omfattar alt frå marknadsføring av turistmåla, val av reisemål, førebuing til reisa, sjølve reisa, opphaldet på turiststadane, og det som skjer etter reisa. Reiseliv vert sett både som produksjon og konsum. For eit kulturhistorisk museum er det naturleg også å presentere aktørane sine opplevingar og forteljingar.

Norsk Reiselivsmuseum skal driva dokumentasjon av både fortid og samtid. Utlendingar var dei fyrste lystreisande til landet, og desse tok til å koma frå 1820-åra. Fyrst frå 1880-åra byrja næringa ta form, og frå då av har reiselivsnæringa vore i stadig vekst, med unnatak av krigsåra.

Innsamling av gjenstandsmateriale har tradisjonelt vore oppfatta som ei hovudoppgåve for musea, men gjenstandane har liten verdi som kjelder dersom ein manglar kunnskap om den samanhengen dei har høyrt heime i. Innsamling av slik kunnskap kan skje ved ei rekkje ulike kjelder. Tilfanget vil vera gjenstandar, litteratur, arkivmateriale i form av intervju, foto, film, reisedagbøker, framandbøker frå hotell, postkort, offentlege utgreiingar, planar, materiale frå reiselivsorganisasjonar, reiselivslag osb. Biblioteket og arkivet vert kjernen i museet sitt eige arbeid og eit viktig tilbod til heile landet.

Det er dette tilfanget som vil danne grunnlaget for utstillingar, publikasjonar, forsking og anna arbeid museet skal utføre. Det er gjennom systematisering av dette tilfanget museet vert eit tilbod til alle som søkjer kunnskap om reiselivskulturen. Det kan vera forskarar, studentar, skribentar, andre museumsarbeidarar, destinasjonsselskap, suvenirprodusentar eller journalistar - og sjølvsagt: «folk flest».