Agnar Romberg Berentsen Alta Elveskyss i Karasjokk Honningsvåg Ifjordfjellet Interiør Karasjokk Karasjokk Karasjokkveien Kautokeino Kirkenes Lakselv Skaidi

Intervju med Agnar Romberg Berentsen

Agnar Romberg Berentsen, fødd 1937 i Oslo. Berentsen er ein av aktørane som var med i byggefasen av norske reiselivs landslag. Hans kompetanse og erfaring har difor særleg høg verdi for dokumentasjonsarbeidet til Norsk Reiselivsmuseum.

Etter artium og eit år i utanriksfart, fekk Berentsen jobb i London for Landslaget for Reiseliv i Norge. Etter 3 år i London med marknadsføring av reisemål i Noreg, gjekk turen til Alta. I 1963 vart han den fyrste turistsjefen i Finnmark. 9 år med nybrotsarbeid omfatta ma. arbeid med infrastruktur, tilrettelegging av ruter og etablering av reiselivstilbod generelt.

Som turistsjef på Lillehammer, hadde Berentsen god kjennskap til den Nederlandske marknaden gjennom utbreidd chartertrafikk til distriktet. Vinterturismen var godt etablert i 1972, der det i tillegg til skitilbod vart arrangert skøyteløp på Mjøsa.

Berentsen overtok som sjef for LRN i Benelux landa etter Lillehammer, då med base i Amsterdam. Etter 8 år i Nederland, vart Norway Convention Bureau arbeidsgivar. Norway Convention Bureau marknadsførte skreddarsydde tilbod for konferanse og kongressar. Pakkane inkluderte opphald og ekskursjon.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialize correctly.

  • Atlanterhavsvegen
  • Hardangerfjorden
  • Bøyabreen
  • Saltstraumen
  • Låtefoss i Hardanger
  • Polarsirkelen, Saltfjellet
  • Vik i Sogn
  • Glomma
  • Vikinggard, Karmøy
  • Kjøsnesfjorden i Jølster
  • Attraksjon på Hemsedalen