Erling Storrusten Nordvind propellfly Kontorbygning ved Oslo lufthavn Fornebu Flytur med SAS Oslo - Bodø Flygar studerer kartet Sjøfly ved Fornebo i 1947

Intervju med Erling Storrusten

Erling Storrusten, fødd 1923, er ein sentral skikkelse i norsk reiseliv. Han var administrerande direktør i Landslaget for Reiselivet i Norge 1963–70 og direktør i Norges Automobil-Forbund 1971–86. Hans inngang til reiselivet er ei spesiell historie.

Som gymnasiast på Lillehammer vart Storrusten i 1942 kurér i Milorg. Hausten 1944 vart det tyske hovudkvarteret for 360 000 mann flytta frå Rovaniemi til Lillehammer. Dei rekvirerte Lillehammer Turisthotell og 20 nærliggande bustader. Storrusten gjekk då over til militær etterretning. Etter eige utsegn tok han på seg eit “tomsete” uttrykk og ein pose med kokte poteter for og byte med tinga russarfangane laga. Dei tyske vaktene let han vandre omkring på anlegget, og slik kartla han heile området.  Mars 1945 måtte han i all hast rømme til Sverige, og derifrå vart han straks sendt vidare med fly til Storbritannia. Planar var lagde for at Storrusten skulle sleppast over Noreg då krigen slutta. Han var sivil, då han hadde ikkje brukt alliert uniform under oppdraga på Lillehammer. Han vart då innrullert i Flyvåpenet, og vart ikkje dimittert etter krigen, men i staden plassert på Fornebu.

Der vart Storrusten tilsett i Norges Luftfartsstyre i 1945, og 1946–48 arbeidde han med booking og planlegging i DNL, Det Norske Luftfartsselskap. 1949–50 var han bookingsjef i DNL og Europeiske SAS i København, deretter ved hovudkontoret for SAS i Stockholm 1951–53. Frå 1954 til 1957 var han sjef for salstrening same stad og frå 1958 distriktssjef for SAS Egypt og Libya. Han gjekk inn som kontorsjef i Landslaget for Reiselivet 1960, og tre år seinare vart han direktør.

Storrusten var redaktør for NAF vegbok 1992, 1997 og for NAF Turforslag i Norge og Sverige 1999. 1994 skreiv han boka Hurtigruten. Verdens vakreste sjøreise.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialize correctly.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialize correctly.

  • Atlanterhavsvegen
  • Hardangerfjorden
  • Bøyabreen
  • Saltstraumen
  • Låtefoss i Hardanger
  • Polarsirkelen, Saltfjellet
  • Vik i Sogn
  • Glomma
  • Vikinggard, Karmøy
  • Kjøsnesfjorden i Jølster
  • Attraksjon på Hemsedalen