Karl Mjelva Union Hotel i Geiranger Matsalen på Union Hotel Fossen nedanfor hotellet Bilskyss Nina Grieg på verandaen på Union Hotel

Intervju med Karl Mjelva

Karl Mjelva, fødd i 1938, er 3. generasjon til Hotel Union i Geiranger. Etter hotellfagskulen, berre 22 år gamal, måtte Mjelva overta hotelldrifta. Han skulle vidareføre arbeidet etter foreldre, onkel og besteforeldre, og har saman med kona Gertrud lagt ned eit stort arbeid for å utvikle hotellet. I dag har son og svigerdotter overteke ansvaret, men arbeidsdagane ved hotellet og innsatsen for reiselivsutvikling er langt frå over.

 Gjennom hardt arbeid og stort engasjement har kvar generasjon tilført hotellet store verdiar. I dag er Hotel Union eit moderne anlegg som byr på det beste i komfort, smak og natur. Ved hotellet er det også eit bilmuseum, der Mjelva har kjøpt attende ein del bilar som vart nytta i skyss tidlegare.

I tillegg til historia om familien Mjelva og hotellet frå 1891, fortel Mjelva om bestefaren Karl Mjelva sitt unike entreprenørskap. Han starta kraftverk, la inn elektrisk straum på hotellet, produserte hestekjerrer og seinare bildelar for Opel, samt at han sette i gang K. Mjelvas Spesialfabrikk som seinare vart Grepa fabrikkar.

Karl Mjelva syner framleis eit stort engasjement for Geiranger som turiststad.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialize correctly.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialize correctly.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialize correctly.

  • Atlanterhavsvegen
  • Hardangerfjorden
  • Bøyabreen
  • Saltstraumen
  • Låtefoss i Hardanger
  • Polarsirkelen, Saltfjellet
  • Vik i Sogn
  • Glomma
  • Vikinggard, Karmøy
  • Kjøsnesfjorden i Jølster
  • Attraksjon på Hemsedalen