Intervjuinnsamling

I tillegg til gjenstandar, foto, postkort, litteratur, brosjyremateriale mm., samlar Norsk Reiselivsmuseum på reiselivshistorier frå heile landet.

Museet intervjuar aktørar med lang erfaring innan reiselivet - frå næring, organisasjonar eller andre aspekt av turismen – og reisande. Intervjua er viktige brikker i arbeidet med å dokumentere norsk reiseliv. Gjennom intervju kan informanten sjølv fortelje si unike oppleving.

Lydopptak gjev forteljinga ei personlege stemme, og levandegjer historiene for ettertida.

Til no har ein ved museet samla inn over 80 intervju med veteranar i reiselivsnæringa i Noreg.

Utdrag frå nokre intervju kan høyrast på sida Forteljingar.