Måla for museet
Måla for museet

Måla for museet

Museet skal vere reiselivet sitt eige nasjonale dokumentasjonssenter, med oppgåve å samle inn, verne, forske og formidle norsk reiselivshistorie

Museet skal arbeide med kulturhistoriske emne som er knytt til reiselivsnæringa i landet.

Museet skal vise trendar og endringsprosessar, innovasjonar i næringa samt økonomiske og sosiale vilkår for dei reisande og dei tenesteytande.

Museet skal dokumentere alle aktivitetar som har samanheng med reiselivsnæringa, både generelt og spesielt. Dette omfattar alt frå marknadsføring av turistmåla til opphaldet på turiststadene og det som skjer før og etter sjølve reisa.

Museet skal utviklast i eit historisk og autentisk reiselivsmiljø.