Museet si historie

Fyrste gong ein aktivt drøfta ideen om å etablere eit reiselivsmuseum, var i 1980. Leiarane i Norsk Folkeferie og Turisttrafikkomiteen for Bergen og Vest-Noreg såg at bransjekunnskapen som var bygd opp gjennom heile 1900-talet, var i ferd med å gå tapt. Dei tok difor fyrste initiativet for å få sett i gang arbeidet med å byggja opp ein institusjon som systematisk og målretta arbeidde med dokumentasjon og formidling av reiselivshistorie.

Tanken i 1980 var å legge museet til Bergen, men manglande interesse, førde til at hotelldirektør Per Kvikne og fylkeskulturdirektør Lidvin Osland i Sogn og Fjordane greip tak i ideen og fikk lagt museet til Balestrand.

Våren 1986 stilte statsråden for Kultur- og vitskapsdepartementet seg positiv til etablering av eit museum for reiselivsnæringa. Museet vart tilrådd godkjent og 18. november 1986 vart Stiftinga Vestnorsk Reiselivsmuseum skipa, som det einaste i sitt slag i Norden. Det ligg sentralt på kaien i reiselivsbygda Balestrand, med tradisjonar innan turisme, som kan førast attende til 1870-talet. Museet var først planlagt å dekke Vestlandet si reiselivshistorie, men i 2001 vart det bestemt at museet skulle vera landsdekkande og namnet Vestnorsk Reiselivsmuseum vart endra til Norsk Reiselivsmuseum.

I 2007 vart Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand  ei avdeling i De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, som frå 2009 vart  ei avdeling i den konsoliderte organisasjonen Musea i Sogn og Fjordane. Alle musea i fylket er nå samla i denne eine organisasjonen. Norsk Reiselivsmuseum står likevel fram med eigen identitet, både i form av namn, logo og grafisk profil.

Museet hadde alt frå starten planar for korleis oppbygginga skulle skje. Det vart skaffa antikvariske bygg på kaia i Balestrand til utstillingar, i påvente av at eit større museumsbygg skulle reisast.

Det viste seg at dette skulle ta tid å få reist dette bygget.  I 2001 vart det auka merksemd kring samspelet mellom næring og kultur. Dette kom museet til gode. Politisk vart Norsk Reiselivsmuseum nå sett på dagsordenen. I 2004 løyvde Sogn og Fjordane fylkeskommune midlar til bygging av museet og rett etter vart det i 2005 vart det løyvd frå Balestrand kommune.. Hausten 2007 starta eit samarbeid med Statsbygg, som då alle planar var ferdige, tilrådde at museet vart bygd. I 2009 løyvde Kultur- og kyrkjedepartementet midlar, slik at bygget vart fullfinansiert. Bygget står no ferdig, og utstillingar er planlagt opna for publikum i 2016.