Ein rast på kaia framom museet
Ein rast på kaia framom museet
Cooperhuset
Cooperhuset
Cruisebåt i regnvær
Cruisebåt i regnvær
Gamle frakt og passasjerbåtar ved kai i Balestrand
Gamle frakt og passasjerbåtar ved kai i Balestrand
Paradis på kaia framom museet
Paradis på kaia framom museet
Snart vår ved reiselivsmuseet
Snart vår ved reiselivsmuseet

Om museet

Norsk Reiselivsmuseum er eit museum som formidlar reiselivshistoria her i landet frå byrjinga av 1800-talet fram til i dag. Museet opna utstillingar i nytt utstillingsbygg i april 2016. Elles disponerer museet ei rekke antikvariske bygningar på kaia i Balestrand, som er det første ein møter når ein kjem til staden med båt, bil eller buss. Husa er ulike i stil og vart bygd i perioden 1880 – 1920.

KAIHUSET

er frå 1880 talet. Det vart bygd som ekspedisjon for skips- og båttrafikken på Sognefjorden med postkontor, godsterminal og stall til dyretransport i første etasje. I andre og tredje etasje var det husvere for dei som drifta ekspedisjonen. Slik vart bygget nytta mest utan endringar, inntil ein ny ekspedisjon vart bygd på slutten av 1950 talet. I 1986 kjøpte museet bygget. Første høgda er under oppussing, men har tidligare vert nytta av museet til reiselivsutstillingar. I andre høgda har det vore ein brukt antikvitetsbutikk.

BOMBOM

Huset til høgre for Kaihuset vert av folk i bygda kalla Bom Bom. Det vart bygd 1917/1918, og var første tida nytta som barbersalong for gjestene på Kviknes Hotel og andre tilreisande. Seinare vart det nytta som sumarbustad for personalet på hotellet. Etter museet overtok bygget vart det restaurert og vert i dag nytta til verkstad og av kunsthandverkarar.

COOPERHUSET

er i drakestil og sto ferdig bygd i 1906. Huset vart nytta som bustad og atelier av den engelske kunstmålaren Alfred Heaton Cooper, som var gift med Mathilde Valentinsen frå Balestrand. Seinare vart huset kjøpt av familien Kvikne. Familien budde i vinterhalvåret på hotellet, men om sumaren flytta dei ut i Cooperhuset for å gi betre plass til gjestene. I dag vert huset nytta av museet som ei fast utstilling om kunstnarkolonien i Balestrand og den europeiske kunstnarkolonibevegelsen på 1800- og 1900-tallet. Tidligere har det vore brukt enten til kulturutstillingar eller i samarbeid med Balestrand Kunstlag som har hatt ca. 5-6 ulike kunstutstillingar i året. Desse er no i Galleri Holmen.