NRM
Norsk Reiselivsmuseum

NORSK REISELIVSMUSEUM SØKER MUSEUMSVERTAR FOR SOMMAREN 2017

Vi søker blide og sørvisinnstilte museumsvertar for sommarsesongen mai - september 2017.

Vi søker blide og sørvisinnstilte museumsvertar for sommarsesongen mai - september 2017.

Arbeidsoppgåver: 

  • Vertskapsoppgåver i resepsjonen som omfattar kundehandsaming, informasjonsoppgåver og billettsal, sentralbord og generelle publikumsførespurnader
  • Omvisning
  • Oppgåver i kafé som servering, matførebuing, bakst og reinhald
  • Oppfølging av økonomirutinar: kasseoppgjer, veksel
  • Oppgåver i butikk som omfattar sal, rydding, varepåfyll, prising og bestilling

Vi legg vekt på museumserfaring og språkkjennskap, der flytande norsk og engelsk er eit krav. Erfaring frå reiseliv, kafé eller anna serviceyrke er ein fordel. Omvisningserfaring og utdanning innan historie eller anna relevant fag vert føretrekt.

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Franziska Kraus, telefon: 40031603.

Send søknad med CV til: nrm@misf.museum.no innan 12. mars 2017.

Skriv kort kva tidsperiode du kan arbeide i - og om det er nokre vekedagar du ikkje kan arbeide.