Nybygget slik det ser ut frå kaia. Arkitekt Lars Lantto.
Nybygget sett frå nord. Arkitekt Lars Lantto.
Utsnitt få ein av utstillingshallane. Arkitekt Lars Lantto
Utsnitt få ein av utstillingshallane. Arkitekt Lars Lantto
Utsnitt få ein av utstillingshallane. Arkitekt Lars Lantto

Nybygget

Nybygget til Norsk Reiselivsmuseum er no ferdig, og museet har no flytta inn i nybygget. Statsbygg eig bygget, som er fullfinansiert av kommune, fylke og stat.

Bygget er teikna av arkitektfirma Askim og Lannto AS, og det er ein attraksjon i seg sjølv. Hovudideen for det nye reiselivsmuseet er å nytta fjellet aktivt i museet sin arkitektur. Bygget er saga inn i ein fjellknaus og veggene er det glattsaga fjellet av granittisk gneis. Også bereveggene er skorne ut av fjellet.

Mellom hovudbereveggene er det overlys av som dramatiserer opplevinga av utstillingsrommet og dei berande fjellveggene og gir utstillingsromet heilt spesielle kvalitetar.

Fasaden er i dekt med ulike betongelement, som skal groast til med mose.

Dette er eit nyskapande, nasjonalt praktbygg.