Lavvo

Mitt campingliv

Sjølv hugsar eg då vår familie skulle slutte å reise på ”hytta” - for faren min ville leva ut speidaren i seg og vi reiste på ferietur med bil og telt eit par sesongar.

Vi kom oss til Danmark, men så var det brått slutt, då mor mi fekk "hekseskot" som ho kalla det, etter krokrygga matlaging i plask regn (ho laga aldri mat for vi hadde hushjelp, så eg veit ikkje om det med ryggen hadde andre årsaker). Så var det attende til turar frå støl eller ”hytta” som var eit ”gamalt hotell” far min disponerte på fjellet - difor vart eg ein periode ei skikkeleg fjell rype, medan alle vener med familie reiste på campingturar, faktisk heilt ned til Middelhavet for nokre av dei.

Då eg gifta meg ville eg ta oppatt denne forma for campingferie - og overtalte mannen min, då vi: han, sonen vår og eg var stasjonert i Bardufoss (han hadde militær teneste der). Han hadde aldri campa tidligare og var skeptisk.
Vi lånte eit gamalt militærtelt og nokre militærsoveposar frå eit lager. Med opplessa bil, la i veg til Kvæfjord. Der gløymde eg mann og born då eg banka på dørene til alle som vov "grener" eller Kvæfjordtepper og til slutt fekk overtala mannen min til kjøp av eit - for nett eit slikt hadde eg ønskt meg lenge.
Første natta sov vi over der - inne - for vi vart invitert og det vart rett så trivleg og mannen min var stornøgd.

Neste dag for vi til Alta - fann ein fin og romantisk campingplass. Vi strevde i timar med å få sett opp teltet og som underlag for soveposane låg det nye Kvæfjordteppet. Endeleg sto teltet der. Vi var stolte men svoltne som ulvar og med ein son som hylte som ein stukken gris. Før eg fekk fram primusen vi hadde lånt av naboen og før vi fekk drøfta saka for mann min av stad i bilen. Han kom attende med ferdig mat. Eg vart ikkje sur for han hadde fått tak i to ølboksar – seine kvelden – etter alt var stengt. Det var midnattssol og stemninga var nett slik eg tykte den skulle vera etter ein lang dag med camping.
Så endeleg fekk vi lagt oss i teltet, med sonen vår på 2 år midt mellom oss. Om natta hadde eg mareritt og drøymde om det verste været i manns minne og at vi flotna og for som Moses flytande nedover i elva i store kast.
Klokka 4 om morgonen vakna eg av at mannen min brølte som eg aldri før eller seinare høyrde det, men eg kunne ikkje sjå han. Eg var gjennomblaut og hadde teltvegger klistra rundt meg på alle kantar. Eg kom meg ikkje ut - dermed hylte også eg.
Der sonen vår hadde sove, låg teltduken som eit fullt badekar. Det første eg tenkt - å hjelp dette kan han ikkje ha overlevd, i det panikken innfann seg. Til slutt kunne eg sjå ut - ingen mann og son - så oppdage eg dei i striregnet inne i bilen. Mannen min fekk ikkje sove i teltet, så i det det rasa saman hadde han greidd å få tak i sonen vår og berga han frå å bli kvelt - noko eg fekk høyra i alle år etterpå - når det var snakk om camping. Eg fekk greie meg sjølv, berre ungen vart redda og fekk turre klede, ropte han, då eg på alle fire kom krypande ut av teltvirvaret.
Resten av morgonen sat vi i bilen kliss våte utan å sei ei einaste staving - kor lenge vi sat der veit eg ikkje, men vi gjekk ikkje ut før sola viste seg att. Pakka ned teltet, som var mygla då vi leverte det attende til militærlageret.

Dette vart mi einaste natt med barn og mann på camping tur - resten av turen overnatta vi inne - heller fulle folk enn militærtelt kom det konsekvent frå mannen min.

Denne turen kunne eg fortelje mykje meir og løye om, for den var full av alle dei mest forunderlege opplevingar - men campingtur - nei det var det ikkje.

Korleis det gjekk med Kvæfjordteppet ? - ja, det kan du vel sjølv tenke deg.
Om eg har foto frå turen? – ja - vi hadde det, men dei drukna i saman med teltet. I lange tider etter denne turen var det ikkje fotoutstyr i familien – før mannen min etter eit møte i Oslo kom heim med filmapparat – for fekk vi fleire slike turar skulle han ha bevis – det var då spetakkelet verkeleg starta…i fargar.
Seinare bygde vi hytte. Plutseleg medan eg skriv dette kan eg sjå at den faktisk liknar ein lavvo.

Beste helsing
Inger Marie von der Lippe

  • Atlanterhavsvegen
  • Hardangerfjorden
  • Bøyabreen
  • Saltstraumen
  • Låtefoss i Hardanger
  • Polarsirkelen, Saltfjellet
  • Vik i Sogn
  • Glomma
  • Vikinggard, Karmøy
  • Kjøsnesfjorden i Jølster
  • Attraksjon på Hemsedalen