Mange ville inn og sjå

Reiselivsmuseet er opna

Mange ville inn og sjå det nye reiselivsmuseet.

Opninga av Norsk Reiselivsmuseum vart ein fantastisk «happening». Den offisielle opninga hadde fleire kunstnariske innslag, og mange taler der dei som hadde arbeidd for realiseringa av museet i mange år vart heidra. Dei fekk og blomar for godt og utrøytteleg arbeid frå tidleg 80-talet og fram til i dag, når no reiselivsmuseet endeleg står ferdig i all sin prakt.

På kvelden var det publikumsopning med gratis inngang for alle. Og mange kom for å sjå. Mange gode ord og mykje skryt vart det både for utstillingane og for sjølve museumsbygget. Og sjølve bygget er som ein kanskje kjenner til nominert til Statens byggeskikkpris. Det å verte nominert til ein slik pris er ei ære i seg sjølv, og no ventar vi i spenning på kva resultatet skal bli..

Norsk Reiselivsmuseum ynskjer no publikum velkommen til ei fantastisk ferd i norsk reiselivshistorie frå tidleg 1800-talet og fram til i dag.