Suvenir frå Briksdalsbreen
Suvenir frå Briksdalsbreen i Nordfjord

Suvenirsamling

Musea her i landet har til no ikkje samla systematisk på suvenirar, difor ønskjer Norsk Reiselivsmuseum å bygge opp ei spesialsamling kring temaet suvenir.

Reiseminne har lange tradisjonar. Opp gjennom tidene har folk alltid vore på vandring eller reise. Minneting vart teke med frå turen. For å ta vare på opplevingar, knyter vi dei gjerne med ein ting – ein suvenir. Både i Bibelen og i historiebøker er handel med reiseminne omtala. Tingen i seg sjølv er ikkje så viktig, men det som ligg lagra i tankane i kontakt med den er unikt.

Vi stiller ulike krav til val av suvenirar. Tingen må vera mobil, lett å bera, få plass i koffert, veske eller ryggsekk. Kunstnarisk verdi er ikkje eit kriterium. Bruksverdi er heller ikkje viktig. Ubrukelege ting toppar salet. Prisen er ikkje viktig for den status tingen får. Minnefunksjon er altså uavhengig av pengeverdi, bruksverdi og utforming. Det er opplevinga knytte til tingen, som er hovudkriterium og det som er viktig for oss. Mange ser på suvenirar som ubetydelege og «kitsch». Likevel er salet av suvenirar så omfattande at alle kjende destinasjonar her i landet har eigne utsal der vareutvalet er avgrensa til eit mangfald av suvenirar.

Dersom ein ser på produksjon, sal og bruken av suvenirar som eit turismefenomen, veks det fram ein kompleks materie. Det er suvenirar frå Norge, som fenomen og kulturobjekt, ein ved museet ønskjer å samle inn, forske på og formidle.