VIKTIGE TREKK VED REISELIVSNÆRINGANE

Turisme er reiser for rekreasjon, fritids- eller forretningsføremål.  The World Tourism Organization definerer turistar som folk “people traveling to and staying in places outside their usual environment for not more than one consecutive year for leisure, business and other purposes”.

Turismen har to sider, turisme som forbruk, dvs. etterspurnad etter varer og tenester, og turisme som næringsveg: å skaffa varer og tenester  i den form, til den tid og på den staden der forbruket melder seg. Turistar krev  minst tre serviceytingar: Tidshøvande kommunikasjonar,  kost og losji, pluss attraksjonar og aktivitetar på opphaldsstaden.

Reiselivsnæringa er ei dei største og raskast veksande næringane i verda. Dei norske reiselivsnæringane har nytt godt av denne kraftige veksten, men landet har tapt marknadsdeler frå 1970 til i dag. I 1970 hadde Norge 0,9 prosent av verdsmarknaden, i dag er har vi under 0,5 prosent.

Norge har også fått verdas høgste lønnsnivå for typiske arbeidsoppgåver i reiselivet. Næringane opererer i ein internasjonal produktmarknad, men i ein lokal arbeidsmarknad. Det inneber at reiselivet i Norge må konkurrera med andre næringar i landet om kompetent arbeidskraft, samstundes som dei konkurrerer om internasjonale kundar med verksemder i land der arbeidskrafta er vesentleg billegare.  

Nordmenn sitt turistforbruk i Norge har også vokse kraftig. Betre kjøpekraft, lenger feriar og fleire pensjonistar er årsaker til dette. Utviklinga har og ført til ein stadig aukande lokalmarknad for reiselivsprodukt. Folk et oftere på restaurant, og dei går oftare på kafear og barar. Denne veksten har vore spesielt høg i byane.

Ein annan faktor som har auka lokalt forbruk av reiselivsprodukt er yrkesmarknaden. Omfanget av yrkesreiser har auka, og folk på slike reiser bur gjerne på hotell og et på restaurant. Dei nyttar seg ofte og av kultur- og opplevingstilbod.